0,03 % og favorittdonoren
Kvart år er det 500 – 600 par som ønskjer donorsæd. Til dette trengst det ei årlig rekruttering på 40 – 50 donorar.
– Eg gjorde eit søk hos Statistisk sentralbyrå og fann ut at det var 150 000 i Oslo-området som hadde riktig kjønn og alder. 40 – 50 stykker høyrest difor ikkje mykje ut, men Andrologisk laboratorium blir ikkje nedringt av personar som ønskjer å donere sæd, seier ho.
– Trur du at de klarar å rekruttere nok donorar?
– Det blir det spanande å sjå. Vi håper på at nokre melder seg etter å ha sett plakatar for sædbanken på eit apoteket eller hjå legen sin. Elles merkar vi auka pågang etter oppslag om sædbanken i media, så det stiller eg gjerne opp på.
Trine Haugen trur at den viktigaste årsaka til at så få vil vere donor, er tanken på at dei vil kunne ha eit barn som dei ikkje veit om. Med den nye lova kjem i tillegg aspektet at ein kan bli oppsøkt av dette barnet. Dette er nok ein vanskeleg tanke for mange. Det er interessant at det er store kulturelle skilnader. I Frankrike og Danmark er det ikkje nokon mangel på donorar, medan Sverige og spesielt Sveits har større problem. Sverige har sidan 1985 hatt eit tilsvarande lovverk som det vi innførte 1. januar. Ei undersøkjing viste at kun 11 % av foreldra hadde informert barna, medan heile 58 % hadde fortalt det til andre enn barna. Dette synest Haugen er urovekkande.
– Dette viser kor viktig det er å gjere foreldra medvitne om kva den nye lova inneber. Tenk for eit sjokk det ville bli om nokre av barna skulle få vite av andre enn foreldra at deira biologiske far var ein annan enn dei heile livet har trudd, seier ho alvorleg.
– Kva med dei etiske problemstillingane knytt til spørsmålet om anonymitet eller ikkje?
– Utanfor fagmiljøet er det mange som har sterke meiningar om reproduksjon. Eg har heile tida medan eg har jobba, følt meg audmjuk i tilhøve til alle dei som er i ein fase med fertilitetsutgreiing. Det er vanskeleg å seie kva som er rett og gale så eg vil ikkje ha noko meining, men held meg til lovverket.
Sædbanken har bestemt at donor må vere mellom 25 og 45 år. Grunnen til dette er at ein ønskjer modne og reflekterte menn, ikkje fattige studentar på 18 – 20 år som er motiverte av ei «løn» på 250 kroner.
– Vår favorittdonor er ein mann med eigne barn som etter å ha drøfta saka med partnaren sin tar kontakt med oss med eit altruistisk ønskje om å hjelpe par med fertilitetsproblem, seier sjefen for sædbanken og ser forventningsfullt mot telefonen.